16 november 2014

S U N R I S E . . .JULY MORNING...




DEI VIL ALLTID KLAGA OG KYTA...

Dei vil alltid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um ikkje so braatt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kan undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga,
berre eitt eg ynskjer og bed:
at me ikkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar fedranesed.

Lat oss ikkje forfedrarne gløyma
under alt, som me venda og snu,
for dei gav oss ein arv til aa gøyma,
han er større, enn mange vil tru.

Lat det merkast i meir enn i ordi,
at me halda den arven istand,
at, naar fedrarne sjaa att paa jordi,
dei kan kjenna sitt folk og sitt land.
(Ivar Aasen)